Om oss

Vi, Sonja og Per Ådne Skårland, har dreve Herikstad Gaard sidan 2001 og fram til vi etablerte Jerseymeieriet.

Eg er nå meierigründer og daglig leder for Jerseymeieriet, og Per Ådne står for den daglige gardsdrifta.

Vi har fire døtre som alle i større eller mindre grad har vore involvert i gardsdrifta. Vår eldste datter, Randi, arbeider nå fullt i Jerseymeieriet som salgs- og markedssjef. Mannen henna, Mussa, er med Per Ådne i gardsdrifta.

et lite meieri for ei lita ku

Det einaste som er stort her på garden, er ambisjonane. Det verda treng er nemleg ei lita ku. Ei ku som slepp ut mindre klimagassar, og som i tillegg gir ei smakfull og næringsrik mjølk. Det er derfor vi kan lage prima meieriprodukt her på Jerseymeieriet.

Meieriet

Gjennom nettverket vårt i Europeisk Jersey Forum kom vi i kontakt med eit tysk par og vart invitert på studietur til gardsmeieriet deira heime på garden i Tyskland. Der såg vi at det å foredle den energirike jerseymjølka gir heilt andre produkt enn mjølk frå andre kurasar.

Rett før jul i 2021 bygde vi vårt eige meieri. No satsar vi på småskalaproduksjon frå eigne kyr og produserer yoghurt, fersk mjølk, ekta smør, fyldig rømme, is og andre prima produkt. Meieriet vårt er rigga for å produsere alle typar meieriprodukt, også ulike typar ost.

Vi er i dag dei einaste som produserer meieriprodukt av rein jerseymjølk.