Herikstad Gaard

Herikstad Gaard er eit familiebruk med mjølkeproduksjon, grasfôra storfekjøt, sauehald, høns, utegris om sommaren og to hestar. Garden ligg på Herigstad rett sør for Bryne i Rogaland. Me driv grasbasert husdyrproduksjon og legg stor vekt på å vera mest mogleg sjølforsynt med fôr til dyra våre. Me nyttar heller ikkje soya eller anna langreist fôr.

Høg dyrevelferd er sjølve grunnlaget for drifta vår. Dyra våre er ute så mykje som mogleg er gjennom året. Kyrne kalver i romslige binger med halm. Dei går saman med kalven i minst 14 dager før kalven vert flytta over til ammetantene. Dette er kyr som er særs flinke til å oppdra kalver. Her går kalven i lag med andre kalver og får ein svært god start på livet.

Kyrne vert mjølka i robot, dei kvilar på vannseng og har ein eteplass kvar. Fjoset er eit romsleg kaldfjos med naturleg ventilasjon.

dyra våre

Kyrne på garden er av Jersey rasen. Denne rasen stammer frå Jersey øya i Den engelske kanal. Rasen har vore i Norge sidan slutten av 1800-talet. Jerseykyrne er små og nette. Dei er nysgjerrige, oppvakte og har ein stor personlegheit. Dei er lette på foten og liker seg svært godt på beite.

Melka deira er heilt spesiell. Den har omlag 50 % høgare feittinnhald, 30 % høgare proteininnhald og over 20 % høgare vitamin og mineralinnhald enn anna kumelk. Melka er meir gul enn kvit på fargen, det kjem av det høge innhaldet av betakaroten, eit A-vitamin.

Melka vår er 100 % A2A2. Det vil sei at den har det opprinnelige genetiske varianten av betakaseinet i mjølk. Personer med melkeprotein intoleranse opplever at dei toler denne melka betre enn anna melk.

jorda

På jorda dyrkar vi gras og litt korn. Vår ambisjon er å vera mest mogleg sjølvforsynt med fôr til dyra våre her på garden.

Meieriprodukt

Alt vi produserer her i meieriet er laga frå botn av. Det tek den tida det tek når mjølka skal separerast, fløyten skal syrnast til rømme, og rømmen etter kvart skal kinnast til smør. For å få eitt kilo smør trengst det rundt 15 kilo mjølk – og godt med tid. For det finst ingen snarveg til god mat.

Her hjå oss får du blant anna yoghurt, fersk mjølk på flaske, handlaga smør, fyldig rømme, gelatoiskrem og andre prima smakar av jerseymjølk. Alt laga av oss her på garden.