Gardsutsal

Vi har vårt eige meieriutsal her på garden. Her kan du tappe fersk mjølk frå automaten, eller kjøpe med deg prima meieriprodukt laga av mjølk frå kyrne våre. I utsalet har vi også produkt frå andre lokale produsentar. Utvalet varierer med sesong, og om sommaren kan du blant anna få kjøpt jordbær frå drivhuset til naboen. Isdisken vår er alltid full av gode smakar, smakar som også kan variere med sesong.

For oss er det viktig å ta vare på råvarene og nytte heile mjølka, både fløyten og skummamjølka. Difor har vi også mange magre produkt, fulle av protein. Eller sjokomjølk, ein favoritt blant små og store. Kald, eller varma til kakao.

Melkeautomat

I gardsbutikken kan du tappe frisk jerseymelk rett på flaske. Me har både 0,5L og 1L brune PET-flasker eller du kan kjøpe med ei glasflaske du kan bruke fleire gonger.

Mjølka er lågpasteurisert og ikkje homogenisert.

Kjøt

I gardsutsalet har vi også kjøt frå eigne dyr, både jersey og kryssingar mellom jersey og angus. Vi sel fersk kjøt når vi har det tilgjengeleg. Elles har vi våre eigne hamburgarar og jerseypølser som har blitt svært populære. Vi har to modningsskap kor vi heng kjøt til tørrmodning.

Sjølbetjening

I gardsbutikken er det sjølbetjening. Her kan du betala med kort eller VIPPS.

Alt kjøt, med unntak av hamburger, skal på vekt -> trykk så på rett produkt på skjermen.

Alt med strekkode skal skannes. Det utan strekkode finner du på skjermen.

Besøk oss

Velkommen innom gardsutsale vårt på Herikstad Gaard, Bryne.

Mandag–fredag: 08:00–21:00
Laurdag: 09:00–21:00
Søndag: 12:00–19:00

Eigne opningstider for høgtider og sommar. Følg med på Facebook og Instagram for oppdatert info.