Fastelavensbollar
Ingredienser (12stk)
100 g Jerseysmør
1 l kveitemjøl
1 dl sukker
0,5 ts salt
1 ts malt kardemomme
3,5 dl Heilmelk 6%
1 ts bakepulver
50 g gjær
1 stk. egg til pensling
Kremfyll
3 dl Fløyte 40%
12 ss jordbærsyltetøy
2 ss melis
Framgangsmåte
Kutt Jerseysmør i terningar og la det bli mjukt.
Ha kveitemjøl, sukker, salt, kardemomme og bakepulver i ein bakebolle
Temperer Heilmelken og røyr inn gjæren, tilsett i det tørre
Elt deigen godt for hand, eller med ei kjøkkenmaskin i ca. 15 minutt.
Tilsett smørterningar og ela deigen vidare i ca. 10 minutt, til deigen blir mjuk og elastisk. Ta gjerne "glutentesten" mot slutten av eltinga. Strekk i deigen - kjennest den kort, bør han eltast litt til. Er den elastisk og smidig er den klar for heving.
Dekk til deigen og la heva i ca. 45 minutt til dobbel storleik.
Ha deigen over på ei mjøla overflate, del den i 12 like store emne og trill bollar. La bollane etterhevast på ein lun stad.
Pensle bollane med samanpisket egg og steik dei midt i omnen på 200 °C i 10-15 minutt. Avkjøl bollane på rist.
Visp Fløyte 40% til krem. Den skal vera litt fast, men ikkje korna.
Skjer toppen av bollane og legg på krem og syltetøy. Legg på lokket og dryss over eit tynt lag med melis.