Velkommen te gards!
Vi har vårt eige meieriutsal her på garden, der du kan tappe fersk mjølk frå automaten eller kjøpe med deg prima meieriprodukt laga av mjølk frå kyrne våre.
For oss er det viktig å ta vare på råvarene og nytte heile mjølka, både fløyten og skummamjølka. Difor har vi også mange magre produkt, fulle av protein.
I tillegg har vi sjokomjølk og heimelaga iskrem i mange smaker – to favorittar blant små og store.



mjølkeautomat
I gardsbutikken kan du tappe frisk jerseymjølk rett på flaske. Me 1L brune PET-flasker eller du kan kjøpe med ei glasflaske du kan bruke om igjen.
Mjølka er lågpasteurisert og ikkje homogenisert.
Kjøt
I gardsutsalet har vi også kjøt frå eigne dyr, både jersey og kryssingar mellom jersey og angus. Vi sel fersk kjøt når vi har det tilgjengeleg, og har to modningsskap kor vi heng kjøt til tørrmodning.
I tillegg lagar vi eigne hamburgarar og jerseypølser, som har blitt svært populære.

sjølbetjening
I gardsbutikken er det sjølbetjening, og du kan betala med kort eller VIPPS.
Alt kjøtt skal på vekt – med unntak av hamburger og pølser. Nokon av ostane er og vektvarer. Trykk så på rett produkt på skjermen. Produkt med strekkode skal skannes, og det utan strekkode finner du på skjermen.
lokale produsentar
I utsalet har vi også produkt frå andre lokale produsentar. Utvalet varierer med sesong, og om sommaren kan du blant anna få kjøpt jordbær frå drivhuset til naboen. Isdisken vår er alltid full av gode smakar, smakar som også kan variere med sesong.