I DAG ER VI DEt EINASTE meieriet SOM LAGAR MEIERIPRODUKT AV REIN JERSEYMJØLK.

Vi driv ein småskalaproduksjon av meieriprodukt frå eigne kyr. I meieriet lagar vi 
tradisjonelle og gode handverksprodukt av høg kvalitet med prima råvarer.

Jerseymeieriet er ikkje eit industrimeieri, men eit handverksmeieri. Vi brukar moderne utstyr for å sikre effektivitet i produksjonen, men kvar flaske mjølk, kvar ost og kvar pakke smør er framleis prega av ekte handarbeid.

Smak og konsistens vil variera noko med årstidene, og mjølka frå kyrne vil variere med fôringa.

Jerseymjølka

Kyrne på garden er av Jersey rasen, som stammer 
frå øya Jersey i Den engelske kanal. Rasen har vore 
i Norge sidan slutten av 1800-talet.

Jerseykyrne er små og nette. Dei er nysgjerrige, oppvakte og har ein stor personlegheit. Lette på foten og liker seg svært godt på beite.

Melka deira er heilt spesiell og har:

  • Ca. 50 % høgare feittinnhald

  • 30 % høgare proteininnhald

  • Gulare farge enn vanlig mjølk.

    Melka vår er 100 % A2A2. Det vil sei at den har det opprinnelige genetiske varianten av beta-kaseinet i mjølk. Personer med melkeprotein intoleranse opplever at dei toler denne melka betre enn anna melk.

PRODUKTER

Heilmelk 6 % feitt A2A2

Fløyte 40 % feitt

Prima rømme 40 % feitt

Prima smør 250g

Kjernemjølk/Buttermilk 5dl

Upasteurisert Kulturmjølk ca. 6% feitt

Gelato Iskrem

125ml med skei | 550ml | 1L

Sjokomjølk 5dl og 1L

Diana Camembert 175g

Naturell Yoghurt

Kjøt Frå eigen buskap i gardsbutikken

 

Jerseykjøtdeig

Jerseyburger

Turrmodna t-bone

 

Turrmodna entrekôte

Turrmodna høgrygg

Røykt grov Jerseypølse