Herikstad Gaard
Herikstad Gaard er eit familiebruk som ligg på Herikstad, rett sør for Bryne i Rogaland.
Her har me mjølkeproduksjon, grasfôra storfekjøt, sauehald, og nokon høner.
I tillegg til meieriet driv me grasbasert husdyrproduksjon, og legg stor vekt på å vera mest mogleg sjølforsynt med fôr til dyra våre. Me nyttar heller ikkje soya eller anna langreist fôr.
På jorda dyrkar vi gras og litt korn. Vår ambisjon er
å vera mest mogleg sjølvforsynt med fôr til
dyra våre her på garden.

dyra våre
Kyrne på garden er av Jersey rasen, som stammer
frå øya Jersey i Den engelske kanal. Rasen har vore
i Norge sidan slutten av 1800-talet.
Jerseykyrne er små og nette. Dei er nysgjerrige, oppvakte og har ein stor personlegheit. Lette på foten og liker seg svært godt på beite.
Melka vår er 100 % A2A2. Det vil sei at den har det opprinnelige genetiske varianten av beta-kaseinet i mjølk. Personer med melkeprotein intoleranse opplever at dei toler denne melka betre enn anna melk.

dyrevelferd
Dyrevelferd er meir enn berre eit krav – det er ein grunnleggjande del av gardsdrifta vår. For oss er dyra eit viktig reiskap for å utnytte fotosyntesen og omdanne gras til kvalitetsmat for norske forbrukarar.
Vi tilbringer halve døgnet med dyra, og det er vårt ansvar å stadig forbetre forholda og livskvaliteten deira. Vi skuldar dyra å sørgje for at dei har det godt medan dei lever.
Kyrne lever i lausdrift med vassmadrassar, og ungdyra går på talle. Kalvane får vere saman med mora si i starten, og deretter går dei halve døgnet i flokk og resten av tida med mor.
Garden har ein lang beitesesong, der kyrne beiter frå 1. mai til 1. oktober, medan ungdyr og sauer er på beite frå midten av april til midten av oktober.
Meieriprodukt
Alt vi produserer her i meieriet er laga frå botn av. Det tek den tida det tek når mjølka skal separerast, fløyten skal syrnast til rømme, og rømmen etter kvart skal kinnast til smør. For å få eitt kilo smør trengst det rundt 15 kilo mjølk – og godt med tid. For det finst ingen snarveg til god mat.
Her hjå oss får du blant anna yoghurt, fersk mjølk på flaske, handlaga smør, fyldig rømme, gelatoiskrem og andre prima smakar av jerseymjølk. Alt laga av oss her på garden.
Sjå alle produkta våre her.
Kvar einaste pakke med Jerseymeieriets smør vert pakka for hand. Eitt og eitt stykke, nøye sveipt inn i brunt papir. Det tek tid, men gjev eit produkt med sjel, historie og ein fantastisk smak!
bærekraftsmål jerseymeieriet
Bruke mest mogleg fornybare og naturlege innsatsfaktorer i produksjonen.
Fokusere på best mogleg utnytting av råvarene som vert nytta i produksjonen, minimere svinn.
Arbeide for redusert matsvinn gjennom gode rutiner for produksjon, distribusjon og salg.
Sikre ei fornuftig økonomisk avkastning gjennom videreforedling av mjølk frå eigen gard.
Skape lokale arbeidsplasser.
bærekraftsmål herikstad gard
Auka karbonlagringa i jord og biodiversiteten i dei økosystema garden har
Maksimera fotosyntesen gjennom heilskaps planlegging av drifta
Høg fôreffektivitet som bidreg til lågast muleg klimaavtrykk
Avlsarbeid som ivaretek dyrevelferd og produksjon
Sunn økonomi som gjer mulighet for utvilking av garden og ei grei inntekt for bondefamilien
