prima meieriprodukter av 100% jerseymjølk
Du kan kjøpe produkta i vårt eige gardsutsalg. Dei er og å finne i fleire gardsutalg og lokalmatbutikker i Rogaland.
Heilmelk 6 % feitt A2A2
Fersk lågpasteurisert gardsmjølk. Mjølka er ikkje homogenisert, feittet vil difor flyte opp ved lagrig. Mjølka har eit proteininnhald på om lag 4 %, og er rik på kalsium og vitamin D. Mjølka har og høgt innhald av A-vitaminet karoten, dette gir ein fin gul farge.
Fyldig og rund i smak. Fortreffeleg på frokostblandinger, til grøt og matlaging, og sjølvsagt til drikke.
Fløyte 40 % feitt
Lågpasteurisert fløyte. Litt feitare en vanleg fløyte. Lett å piske til krem. Fyldig og søt på smak. Gul og fin farge.
Perfekt til kaker og til matlaging.
Dessertfløyte 30 %
Lågpasteurisert fløyte tilsett heilmjølk for å få ein litt magrare fløyte. Nydeleg smak og konsistens.
Passer perfekt til alle typer bær og desserter/kompotter.
Prima rømme 40 % feitt
Laga av lågpasteurisert syrna fløyte. Blir fyldig rømme med rund og god smak.
Nydeleg til f.eks bakt potet og andre middagsretter. Ein vinner attåt lapper og vaffelkaker. Rett og slett ein rømme for ekte matentusiaster.
Prima smør
Laga på rømmen vår. Vaska og tilsett ca 3 % salt. Pakka for hand, ein og ein, i brunt voksa papir. Eit ekte handverksprodukt, kinna på den gamle måten. Skikkeleg gult på fargen og inneheld mykje av A-vitaminet karoten. Eit kvalitesprodukt i ein klasse for seg.
Kjem i 125 gr, 250 gr og 1 kg.
Buttermilk/Saup
Saup er det norske navnet på det som på engelsk vert kalla buttermilk. Det er væska som er att etter kinning av smør.
Mager og litt syrleg på smak. Veldig god til matlaging/baking. Eller som marinade til kjøt.
Yoghurt
Naturell yoghurt. Rund, mild og syrleg i smak. Syrna på heilmjølk og heilt utan andre tilsettingar. Fyldig i konsistens. Smak og konsistens vil variere noko med årstidene.
God saman med müsliblandinger og syltetøy. Eller i lag med frukt og bær.
Skumma kulturmjølk 0,1 % feitt
Lågpasteurisert skumma kulturjølk. Syrleg og frisk på smak.
God i matlaging, til marinering eller berre som drikke.
Skjørost 0,1 % feitt
Norsk tradisjonsost, laga på skummamjølka som vert att etter separering av fløyten. Mager og «tørr» ost, rik på protein. God i salat, som tilbehør til middag, spekemat eller blanda med yoghurt og syltetøy. Skjørost kan også blandast med fløyte eller rømme til «Cottage Cheese».
Mager ferskost 0,1 % feitt
Ysta på skummamjølk og tørka i 10–12 timar, salta og pakka. Mild syrleg på smak. Om lag 0,1 % feitt. Rik på protein. God i lag med spekemat eller saman med syltetøy og knekkebrød.
Is
Isen vår er ein gelato is, laga på vår eiga mjølk og fløyte. Det er ein mjølkebasert is, utan egg.
Vi har for tida 9 forskjellige smakar. Alle smakane kjem i to størrelser; 125 ml som er porsjonsstørrelse med skei under lokket, og ein i 550 ml.
Sjokomjølk
Laga av skummamjølk, tilsett heilmjølk, sukker og kakao. Om lag 2 % feitt. Mjølka er lågpasteurisert og ikkje homogenisert. Feittet vil difor flyte opp ved lagring. Kan drikkast både som kald og varm drikke. Sjokomjølka kjem i 0,5 og 1 liter flasker.
Vaffelrøre
Vår vaffelrøre er laga med mjølk, buttermilk/saup, smør og rømme frå Jerseymeieriet. Tappa på flaske, berre å tøme rett i vaffeljernet. Enkelt og veldig godt.
sdfsdfds
ghghjgh
Make it stand out
Whatever it is, the way you tell your story online can make all the difference.