
PRIMA MEIERIPRODUKTER
AV 100% JERSEYMELK
Produkta våre
Vi driv ein småskalaproduksjon av meieriprodukt frå eigne kyr. I meieriet lagar vi tradisjonelle og gode handverksprodukt av høg kvalitet med prima råvarer. Vi har også kjøt frå eigne dyr som vi tek i retur frå Nortura.
I dag er vi dei einaste som lagar meieriprodukt av rein jerseymjølk. Smak og konsistens vil variera noko med årstidene, og mjølka frå kyrne vil variere med fôringa.
Gardsutsal
Vi har vårt eige meieriutsal her på garden. Her kan du tappe fersk mjølk frå automaten, eller kjøpe med deg prima meieriprodukt laga av mjølk frå kyrne våre.
garden vår
Her på garden har vi 65 mjølkekyr av rasen jersey. Ei lita ku som slepper ut mindre klimagassar enn større kyr. Jerseykua er nysgjerrig, ho har eit godt lynne og er fôreffektiv. Det er faktisk også miljøvenleg.
Om oss
Herikstad Gaard ligg rett sør for Bryne. Her har vi, Sonja Herikstad Skårland og Per Ådne Skårland, drive mjølkeproduksjon med jerseykyr sidan vi overtok garden i 2001. I tillegg til mjølkekyr har vi ein flokk farga spæl, nokre kjøtfe, griser og hest. På jorda dyrkar vi gras og litt korn. Besøk oss gjerne om kom innom vårt gardsutsal!