ET LITE MEIERI FOR EI LITA KU

Norges einaste meieri med dyrevernmerket

Vi er stolte av å vere det fyrste norske meieriet med Dyrevernmerket! Det betyr at vi gir kyrne våre god plass, at ku og kalv får vera saman, og at dyrevelferd alltid kjem fyrst. Når du ser det grøne merket på produkta våre, veit du at det er kvalitet – både for dyra og for deg.

Ein stor takk til alle som støttar oss på denne reisa – saman skapar vi noko godt som skal vare i generasjonar.

Bli kjent med produkta våre.

Kvifor jersey?

På garden har vi 85 mjølkekyr av Jersey-rasen, som stammer frå øya Jersey i Den engelske kanal.

Det er ei lita ku som er nysgjerrig, har eit godt lynne og er fôreffektiv. Det er faktisk også miljøvenleg.

I tillegg oppdagar stadig fleire at dei tåler jerseymjølk betre enn vanleg mjølk. A2A2-proteinet kan vera lettare å fordøye, og vi får fantastiske tilbakemeldingar frå kundar som endeleg kan nyte mjølkeprodukt igjen!

Les meir om garden og dyra våre.

gardsutsalg med det beste utvalet

Vi har vårt eige meieriutsal her på garden. Her kan du tappe fersk mjølk frå automaten, eller kjøpe med deg prima meieriprodukt laga av mjølk frå kyrne våre. I utsalet har vi også produkt frå andre lokale produsentar.


Utforsk gardsutsalget vårt.

Vi er Sonja og Per Ådne Skårland

På Herikstad Gaard, rett sør for Bryne, har vi drive mjølkeproduksjon med jerseykyr sidan vi overtok garden i 2001. Vi etablerte Jerseymeieriet i 2021, og der lagar vi handverksprodukt av høg kvalitet og gode råvarer. I tillegg til mjølkekyr har vi ein flokk farga spæl, nokre kjøtfe og høns. På jorda dyrkar vi gras og litt korn. Besøk oss gjerne og kom innom vårt gardsutsal!

Bli kjent med oss.

Her finner du produkta våre

Vi har en rekke utsalgsstader over heile landet som
har produkta våre. Utvalet kan variere, men hos fleire dagligvarebutikker i Rogaland, Bergen, Sørlandet
og Austlandet finn du heile sortimentet vårt.

Finn din nærmeste butikk her.